fredag 30. september 2011

230711



Natta kom så fort
og du
kom ikkje heim
Lys skal syna veg
frå sorg
mot håp
og rettfred

Stille rådar
Soldatar på taka
speider over byen
Musikk frå ein café
Maskingevær
Everybody hurts

Dei voktar vårt fedreland
og vår konge
Dei voktar våre gatar
og våre hus
Dei vokter deg
og dei vokter meg

Blomar veks
opp frå asfalt
ut or kald stein
Blomar for kjensler
Roser for vår kjærleik
Vårt lys er tent
Vårt lys er tent for deg



Ingen kommentarer: