tirsdag 29. mars 2011

Vener.

Eg kan sjå at du morar deg og at du ler i mot meg,
og kosar deg med med alle venene dine
Du ler høgt og synger med.
Men du har vel dine stunder,
har du ikkje det?

Eg kan sjå i augo dine at du er ein god ven.
Du trekkjer venene dine imot deg
og gjer at dei har det vel.
Men du har vel dine dagar,
kven har ikkje det?

Eg kan sjå at du er livleg og likar å prate
i din iver og glød om alle moglege ting
blir ofte eit trygt og naturleg midtpunkt.
Men du har vel dine periodar.
Har du det bra?

Eg kan sjå at når du ser ned er det ei smerte i deg,
når alle venene har gått heim
og lyset er av for kvelden.
Då vil eg at du skal veta
at eg tenkjer på deg...

Ingen kommentarer: