onsdag 4. november 2009


Eg vil gje deg
ei hand
å halde i
Eg vil gje deg
ei hand
di hand kan
kvile i

Eg vil låne deg
mitt øyre
som du kan
kviskre i
dei orda
du ikkje
vil sei

La din kropp
få kvile
i armane mine
ditt hjarte
lettast av ord
din løyndom
gjer deg
ikkje fred
om du aleine ber

Ingen kommentarer: